Gå til hovedinnhold
NORSK: Sidemålsmonsteret
- Teksten
handlar om sidemålsdebatten som held på i samfunnet i dag. Den fortel om ungdom
og Oslo sitt forhold til sidemål, sett frå perspektivet til Sidemålsmonsteret. Han
meiner at sidemål er bra og viktig å lære, og kritiserer dei negative
haldningane til sidemål. Han seier at han skal invadere og skremme folk med
språket, og at ingen skal kjenne seg trygg.
- I «Sidemålsmonsteret
fortel» brukar Hovland fleire språklege verkemiddel, blant anna gjentaking,
ironi, humor og kontrast. Han skriv til dømes «aldri skal du kjenne deg trygg»
i første avsnitt, og gjentar det heilt til slutt, for å minne alle på at han
kjem for å skremme oss. Gjennom heile teksten kan ein sjå at Hovland har tatt i
bruk kontrast som eit verkemiddel. Sidemålsmonsteret seier «Eg skal rive ned
alt som er fint og vakkert og setje noko frykteleg stygt der i staden». Vidare
fortel han om slik han var da han var Sidemålsmannen, som står i kontrast til
slik han nå er som eit monster. Han samanliknar tida før med tida senere, der han før hadde det vanskeleg, gjekk i umoderne klede og
ikkje vart populær, og deretter vart pen i tøyet, omgav seg med vakre damer og
vart rommets midtpunkt. Dette er tydeleg store kontrastar. Både humor og ironi pregar
Hovland si tekst i kvar setning. Sjølve ordet «monster» er humoristisk, ved at han
samanliknar frykta for eit monster med frykta for sidemål, noko som er
latterleg. Sidemålsmonsteret seier at
han skal presse ordboka ned halsen på dei som har skrive «Spynorsk mordbok» på
ho, noko som heilt klart er både humor og ironi. Han meiner det jo ikkje, og
dei som har skrive det på boka si før, vil kjenne seg igjen og kanskje le.
- Hovland
skriv: "Eg blir no nesten litt flau over at eg så lenge trudde eg skulle
sigre med det gode." Med det trur eg han meiner at sidemål blir framstilt som noko "vondt" og skummelt, og at dette gjer han oppgitt og fortvila. Han kan óg meine at i han har skjønt at i sidemålsdebatten nyttar det ikkje lenger å vere sakleg, snill og høfleg. Han kan ikkje sigre med det gode, og må difor ta i bruk nye "vonde" metodar for å sigre. Det som har endra seg for han no, er at han har blitt eit monster, og fortel at sidemålsarbeidet har blitt enklare enn tidligare.
Kommentarer
Legg inn en kommentar